|
Skrevet av Administrator
|
SØR-FRON SPEL OG DANSARLAGI 1974 starta Anton Amundgård og Arne Risdal opp med felekurs for unge frønningar. Sør-Fron spelemannslag vart stifta i 1977 og kan skilte med fleire plateutgjevingar, spelemannspris og titalls sigrar frå kappleikar og festivalar. Sør-Fron spelemannslag har i dag om lag 25 aktive medlemmar og mange ivrige juniorar og rekruttar.
|
|  |
| Sør-Fron spel- og dansarlag har god erfaring med å arrangere Landsfestivalen i gamaldansmusikk. Vi arrangerte festivalane på Vinstra i 1988 og 1995.
Når vi no skal gjennomføre arrangementet i vår eiga bygd blir vi det fyrste laget som arrangerer festivalen for tredje gong.
|
Slik sett skulle årets festival vera i trygge hender. Sør-Fron Kulturhus og områda rundt er ein ypparleg stad for Landsfestivalen i gamaldansmusikk. Her skal vi skapa ein kompakt festival med alt på ein stad, det blir korte avstandar mellom tevlingar, serveringstilbod og festivalcamping. I denne ramma skal vi gjera alt for at deltakarar og publikum skal trivast. Landsfestivalen i gamaldansmusikk i Sør-Fron er den 20. i rekkja og skal bli ein triveleg festival. Vi vil med dette få ønskje alle hjerteleg velkome til Sør-Fron neste sommar!
Med vennleg helsing Jon Korstad, leiar i hovudkomiteen. |
|
Sist oppdatert ( fredag 22. juli 2005 )
|