|
Skrevet av NilsSteig
|
Kultur- og konsertprogram| Kulturprogrammet på Landsfestivalen tek til på Hundorp- Tusenårsstaden i Oppland. Her blir det historisk omvising blant kulturminna ved Rasmus Stauri, og framsyning av folkemusikkarkivet ved Erik Bjørke, som også vil spela dølamusikk ved middagen |  |
”Musikk te 1000” .  | ”Nordafjells slepper seg” Nordafjells er ei av dei framståande unge gammaldansgruppene som har markert seg sterkt dei siste åra. Under festivalen slepper dei si første plate. Etter minikonsert ryddar vi dansegolvet på Rudilåven. Same kvelden opnar Rudi gard også ei ny utstilling med kunst inspirert av spelemannskulturen.
|
Dans runddans! Bodil og Knut Odnes kan sin runddans, og vil lære dette bort til andre på Landsfestivalen. Fredag og laurdag i festivalveka har dei intensivkurs i alle runddansar for både øvd og uøvd. Skrått blikk på dølamusikk Arild Hoksnes skreiv for nokre år sidan bok om gammaldansen i Norge. Her gjev han til beste frå boka, og kåserer over emnet dølamusikk. Dølamusikken og dølastilen har for somme vorte sjølve uttrykket i norsk runddans. Men dette er ikkje nødvendigvis rett. |  | Det kan fort bli noko ”dovrisk og gynsk seg sjølv nok”. Derfor er eit skråblikk på sin plass. Sygard Grytting er eit historisk gardshotell, kjent for sitt gode kjøkken, og dei byr på godt for ganen. Folkemusikklina feirar seg sjølv Folkemusikklina ved Vinstra vidaregåande skule er den einaste i sitt slag i landet. Studietilbodet starta på Vinstra i 1997, og har sidan den tid fostra mange gode spelemannsemne som har hevda seg på eit nasjonalt og internasjonalt nivå. På konserten får vi høyre ungdommar frå 16 til 24 år i samspel og som solistar. Dette er kremen av den komande folkemusikkgenerasjonen her til lands! ”Det er berre å spelle, det!” Konsert i heimen til Oddvar Nygaard Oddvar Nygaard (1919-1985) treng ingen presentasjon for eit sakkyndig publikum. I fleire tiår var kvartetten hans å høyre i alle media. Eit aktivt spelmannsliv sette i gang ein ny epoke – av somme kalla ”Nygaardssjokket”. No opnar familien etter Oddvar Nygaard for fyrste gong heimen på Sør-Fron til initimkonsert. Publikum får høyre kjente runddansmelodiar som i dag har gått inn i det store fellesrepertoaret, men også komponisten frå 1940- og 1950-talet, det ”moderne” uttrykket, visekomponisten. Aktørar er Jon Faukstad, Jo-Asgeir Lie, Ann Kristin Stakston, Silje Nygaard Holen, Tom W. Rustad, Harald Rudi, Andreas Bjørkås og Rasmus Stauri. ”Dølamusikk på mange strenger” Eit musikalsk mangfald der vi presenterer gudbrandsdalsmusikk i fleire nye og nokre gamle og velkjente uttrykk. Derfor spenner aktørane i denne konserten frå lokale krefter til Baluchistan – frå flatfele til benju. Programleiaren Geirr Lystrup får gleda av å presentere Krøklun, Abdul Rahman Surizehi, Tom Karlsrud, James Dickenson, Georg Reiss, Andreas Bjørkås, Jon Faukstad, Ivar Schjølberg, spelmannslaga i Midtdalen og Fron trekkspelklubb med fleire. Forhandstinging av billettar kan gjerast på telefon 99 22 15 00.
|
|
Sist oppdatert ( fredag 17. juni 2005 )
|