Helsing frå folkemusikkaren Dagfinn Nupen, Ørsta
Nordfjord,-sjølve namnet får det å svinge. Vakre bygder mellom fjord og steile fjell, landskap der vinter og sommar møtest med blømande planter som strekkjer seg frå grøne marker til blåisen høgt oppe i himmelskå.
Alle som har vore der lengtar attende til desse naturperlene som breier seg frå vesterhavet sine brusande bylgjer til fjellmassivet langt der aust.
No, i 2010, kan vi lese om Landsfestivalen NM i Gammaldansmusikk.
Nordfjord er den naturlege møtestaden. Du hugsa nok året 1990 og landskappleiken, som den dag i dag vert drege fram med dei mange kjære minna, likeeins landsfestivalen i 2000. Ypparlege tilskipingar.
Statua av den store,alsidige meistar, Alfred Maurstad, vart for mange eit minnepunkt som mange stansar opp ved midt i Eid sentrum. Når han drog opp ein slått på hardingfela lytta alt folket. Han var den store vegbrøytaren som leita fram dei småtrådane, trokla dei saman til større verk.
Gammaldansen og –musikken med trekkspel,ein gitar,kontrabass og 2-3 feler er sjølvsagt hovedelementa i denne samanhengen.
Kva så med sjølve dansen, som vi har lese er nedovergåande ?!
Kjenner vi miljøet godt nok , kjem den eldre bygdedansen til å få eit oppsving både på dag- og kveldstid under desse festivaldagane ?
Vi vonar i alle fall at dette vil slå til. For laga i Sogn og Fjordane har lange tradisjonar på dette feltet.
Dei mange rytmemønstra innan den eldre tonekunsten har fjordingane og dei nordom fylkesgrensa teke godt vare på.
Mange er dei personane som fanga opp den vakre allsidige musikken i dette landskapet.
Odling og dyrking av eige stoff har gått i arv. Miljøet fanga opp tonane, studerte trillene, skreiv ned melodiføringa og festa dermed gullkorna til papiret for dei neste generasjonar
Ser i gjennom bygdebøker og eldre skrifter,fortel desse om fleire ferdselsvegar over fjell og dal mellom Nordfjord og Sunnmøre. Ein god del musikk og aktive musikkantar er heimehøyrande i desse to landsdelane.
Dialektgrunnlaget har også mykje sams, men vi frå Sunnmøre har tykt svært godt om den syngjande dialekta sørom. Høyr berre på dei klingande vokalane der Nordfjordingane går opp på slutten av eit ord.
Ørsta/Volda seier då rett fram medan fjordingen går opp+ ein tonefylt liten krull og seier da-a. –Reine folkemusikken for oss nordan fylkesgrensa.
Så kjem spørsmålet til deg som er mindre kjend med dialektane frå den rike, alsidige kystkulturen Norvestlandet. Du høyrer nok skilnaden ? Vi skal vestpå,men kvar ? K
va med slåttemusikken sine dialektar her på Nordvestlandet ? Skilnad ?!
Under Landsfestivalen får ein nok slå dette fast for seinare.
Kva med vokaltonane og dei eldre blåseinstrumenta på landsfestivalen ?-Vert programmet overfylt og eller på sida av eit evt godteke opplegg?. Her tenkjer eg på kulturprogrammet om kvelden, som bør få ein brei plass under tilskipinga. Kva med ein ekte lokk (vokalt) og luren/bukkehornet,som har svært lange tradisjonar her vest. Tonar som hadde sin praktiske funksjon på bondegarden,sætra, fjellet og fjordane mellom bakkar og berg utmed (olje)havet.!
Dermed skulle biletet vere meir kompakt, og i tråd med folkemusikkorganisasjonane sine føremål.
Eit kulturbilete av dimensjonar der nedarva tonetrillar ”frå eige distrikt” fløymer vidare utover landet.
Helsing Dagfinn Nupen
|