Nordbygda spel og dansarlag foto: Steinar Vollan
Har blitt eit kjent begrep i gammaldansmiljøet i Nordfjord, og endå vidare. Tysdagskveldane samlast mange som er glade i gammaldans i "Skogstjerna", Markane ungdomslag sitt hus. Dette ligg i Stryn kommune, like ved riksveg 15, ei god mil vest for Stryn sentrum.
Opptaket til Tysdag-svetten blei gjort av ei gruppe danseglade personar som hadde gått på danseøvingane til Spelemannslaget Fjelljom. Dei tykte at det var gammaldans alt for sjeldan, og tok like godt og starta opp for seg sjølve i leigd hus med dans kvar tysdag.
Fyrste gongen var den 12. mars 2002. Seinare har ein halde det gåande kvar veke, med pause etter fyrste tysdagen i juni til fyrste tysdagen i september. Vi har halde pause i jula også, fyrste tida også i påskeveka, men no dansar vi i påska og.
I starten dansa vi etter musikk frå CD-spelar. Etter kvart fekk vi levande musikk, fyrst ved Spelemannslaget Fjelljom. Seinare kom andre lag til, og no har vi levande musikk nesten kvar tysdag.
Alle dei fire spelemannslaga som arrangerer Landsfestivalen i 2010 er mellom dei som spelar, men også andre lag og grupper har sytt for musikk til oss på Tysdag-svetten. Dei nyttar dette som ei speleøving, og tykkjer visst at det er kjekkare å spele til folk som dansar enn å øve utan publikum.
Eid Spelemannslag foto: Steinar Vollan
Det gjekk ikkje lang tid før ryktet spreidde seg om desse dansekveldane. Fleire og fleire kom og blei med, og no kjem det dansarar både frå aust, vest, nord og sør; nokre reiser heile 7 - 8 mil kvar veg! Vi har ikkje noko medlemskap, og folk kjem når dei finn det for godt.
Mange er medlemer i eitt av dei ulike spel- og dansarlaga i Nordfjord, andre er uorganiserte. Nokre av initiativtakarane til Tysdag-svetten organiserer det heile. Frammøtet på dansekveldane våre er veldig godt. Av og til er det rett og slett plassproblem. Vi kosar oss skikkeleg, og det må seiast at det osar både av danse- og speleglede på Tysdag-svetten.
Vi dansar frå kl. 20.00 til kl. 22.00, med ein liten pause kl. 21.00. Då står det kaldt vatn frå springen på menyen for å kompensere væsketapet.
For dei som har lyst til å prøve; - berre kom og ver med oss!
Spelemannslaget Fjellljom Foto: Einar Eimhjellen
|