Den engelske kyrkja: To av årets høgdepunkt under Balejazz kom i Den engelske kyrkja, og det før lunsj laurdag. Sigrid Moldestad stod for begge.
Det er ikkje ofte det er kø framfor inngangen til Den engelske kyrkja klokka 09.30 ein laurdag føremiddag. Men det klarte altså Sigrid Moldstad å få til. Då den første konserten i kyrkja klokka 12 vart utseld på eit kvarter, bestemte Balejazz seg for å setja opp ein ekstrakonsert - to timar tidlegare. Også den vart fort utseld.
Dette fortel mykje om kva posisjon spelekvinna frå Breim har fått i heimfylket den siste tida. Den kritikarroste plata Sandkorn har gjort mange fleire merksame på kva fylket har fått fram i denne mangfaldige artisten.
Saman med Sigbjørn Apeland på orgel og svenske Anders Hall på fele, bratsj, hardingfele serverte Sigrid Moldestad to magiske konsertar i kyrkja.
Eit heller ustemt kyrkjeorgel i Den engelske kyrkja, vart under Apeland sine hender og føter til eit eksotisk innslag i ein heilt uforgløymeleg konsert.
Det er eigentleg ein prestasjon av eit rimeleg spesielt slag å servera ein konsert som Sigrid Moldestad gjorde klokka 10.00 og attpåtil i ei kyrkje! Eit jazzfestivalpublikum plar ikkje nett vera i konsertmodus på denne tida av døgeret, men det var ikkje merkbart denne føremiddagen. Det var eine og åleine takka vera ein trio med usedvanleg evne til å formidla.
Ein gong følte Sigrid Moldestad behov for å stiga ned frå alteret til sjølve midtgangen der ho, ho saman med eminente Anders Hall framførte ein feiande flott versjon av Fanitullen.
Elles serverte den usedvanleg godt samspelte trioen ein god del av materialet frå Moldestad si siste plate, litt nedstrippa versjonar, sjølvsagt, men ikkje mindre vakkert av den grunn. Både Ei Raud Rose og Ein Sæl kyss og ikkje minst Vise til far var like vakre som på plata, etter at ein gripande vakker versjon av No livnar det i lundar hadde sette standardensom opningsmelodi.
Sigrid Moldestad utviklar seg stadig som musikar og som formidlar og er i ferd med å bli ein av dei aller beste eksportartiklane me har i Sogn og Fjordane, noko ho igjen dokumenterte framfor to fullsette kyrkjer under Balejazz.
Dette var beint fram musikalsk magi på blanke føremiddagen.