LFS_LOGO
 
 
Framsida
Velkomen!
Program
- - - - - - -
* TEVLING *
- - - - - - -
Meistarkonsert
Påmelding
Deltakarlista
Dommarar
Resultat
Hamborgartevlinga
Deltakarpremie
- - - - - - -
* DANS OG KULTURPROGRAM *
- - - - - - -
Konsertar
Dansekurs
Plateslepp
Dansespeling
Tysdagssvetten
- - - - - - -
* PRAKTISK INFO *
- - - - - - -
Kart
Billettprisar
Presse
Innkvartering
Frivillig?
Salgsboder/stand
Facebook
Mat og drikke
Aktivitetstilbod
Festivalkontoret
Sponsorar
Bilete
Kontakt
Resultatliste Fullstendig




 
asbjrg_og_arne.jpg Tre femtedeler av styret i LfS drog opp ein hamborgar til Asbjørg og Arne under meisterkonserten på Geilo i fjor då dei helsa vel møtt til Nordfjordeid 2010. foto: Svein Aasen

Hamborgartevling
Då nordfjordingane var på scena på Geilo i fjor og ynskte vel møtt til Landsfestivalen 2010, orda dei frampå om at hamborgaren burde få litt ekstra merksemd på same måten som masurkaen fekk det i Skjåk i 2008. Vi held ord. Laurdagskvelden byr vi dansarane inn til ei uhøgtidleg og underhaldande dansetevling i idrettshallen rett før finalen i gruppespel.

Denne dansetypen har mange ulike namn rundt om i landet. Trippar, husk og skørsk er nokre døme. Vi vonar å få sjå eit rikt geografisk mangfald på golvet.

Tre kunnskapsrike dansarar og danseinstruktørar med geografisk spreiing har takka ja til dommaroppgåva. John Oddvar Kandal med sitt orkester har lova å syte for musikken. Kanskje vert det servert både ”rette” og ”skeive” hamborgar-slåttar. Nordfjord har eit rikt utval, då hamborgaren gjennom tidene har vore populær her.

Påmeldinga gjer vi på enklaste måten. Når de kjem på festivalen, stikk de innom festivalkontoret og skriv dykk opp på ei liste og betalar 150 kroner for kvart par i startpengar. Alle som deltek i dansetevlinga får kvar sin deltakarpremie, og dei tre beste får ekstra premie i tillegg.

Dansarane får startnummer på seg, og det vert tevla med innleiingspuljar, semifinale og finale. Av tidsmessige og dømmepraktiske grunnar har vi vurdert å setje eit tak på fire innleiingspuljar med 6 (evt maks 7) dansepar i kvar, så her gjeld det å få namna sine på lista i tide. Er det noko du lurer på, ta kontakt med leiaren for programnemnda.

Han har epost Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser, du må slå på Javascript for å kunne se den. og tlf 48151317.
 
 
Nyhende:
18. Juli 2010
Fullstendig Resultatliste..
Les mer...
 
Har du mista eller funne noko
Les mer...
 

Vinnarane er klare..

Les mer...
 
16.07.2010
Køyreplan meistarkonsert
Les mer...
 
15.07.2010
Resultat så langt
Les mer...
 
Dansespeltider er klare.
Les mer...
 
08.07.2010.
Dommarane er klare
Les mer...
 
05.07.2010
Deltakarlista er no klar...Revidert
Les mer...
 
20.05.2010:
Konsertprogrammet
Les om konsertane her
 
02.03.2010
Helsing frå Dagfinn Nupen
Dagfinn Nupen i Ørsta har skrivi ei helsing til Landsfestivalen som du kan lesa her
 
01.03.2010:
Programmet ligg ute
Du kan no lesa dagprogrammet for Landsfestivalen her
 
15.02.2010
Hamborgartevling

På Landsfestivalen satsar arrangørane på ei eiga Hamborgartevling. Les meir her
 
01.02.2010
Landsfestivalen treng frivillige

Kan du tenkje deg å ta nokre vakter på Landsfestivalen? Les her.
 


  
nos_125x300pxl_landsfestivalen.jpg
 
nh_logo-125.jpg
   nordrikk_logo_2008_-_fd-125.jpg
   
   


 
© 2010 Landsfestivalen 2010: Nordfjordeid

Hosted by: SPIFO LIMITED | Powered by: GoEdit™ / JOS | GoEdit™ a SPIFO LIMITED trademark.
Version: 15A4