Finn To_560x373.jpg
 
Jubileumskonserten blir leia av Finn Tokvam - ein kjend og kjær sogning som vil kalle fram både latterbrøl og jubelrop.
 
På scena får han besøk av Sør-Fron Spelemannslag, Thomas Nilssen, Visdals kvintett, Honndalstausene, Øyvind Sandum, og ikkje minst så vert det samtaler med og gode historier frå mannen bak den aller første festivalen, Sigmund Eikås.
 

Sør-Fron spelmannslag - Meisterkonsert - 01 - Foto Thor Hauknes_200x107.jpgLandsfestivalen er høgdepunktet i året Sør-Fron Spelemannslag, og drivande dansespel har vore eitt av varmerka til laget som vart starta alt i 1977. På Landsfestivalen har dei teke gull heile 12 gongar, og vore blant finalistane på alle dei 30 festivalane. Laget har gjeve ut to plater, og fekk Spellemannsprisen for ”Den lykkelige friar”. Musikalsk leiar er Erik Bjørke. 

 

 

Thomas Nilssen_200x133.jpg

Trekkspelar Thomas Nilssen frå Løten har delteke på Landsfestivalen sidan 1988, og har så mange sigrar og medaljar at han sjølv har mista oversikten! Som solist og medlem av gruppene ”Over Stok og Steen”, ”Alfs” og ”Hollos efterfølgere” har han forsynt musikk- og danseglade publikummarar med feiande flott musikk Hedmarkens tradisjonar i ei årrekkje.

 

 

Visdals kvintett har sikra seg tre gull og ei rekkje pallplasseringar på Landsfestivalen. Under leiing av trekkspelar Jan Visdal formidlar dei flotte gammaldanstradisjonar frå Vågå og Lom, og har ein stor favoritt for musikk- og danseglade landet over.

Honndalstausene1_Foto Gitte Johannessen_200x107.jpgHonndalstausene, kvinnespelemannslaget frå Nordfjord, var dei som starta den store ”jentebølgja”  på slutten av 1980-talet, og har sidan vore store førebilete for oppveksande generasjonar av kvinnlege spelemenn. I 1988 gjekk dei til topps på Landsfestivalen, ei rekkje radio- og tv-sendingar, turnear, plateutgjevingar og nominasjon til Spellemannsprisen har det blitt. No er dei tilbake på Landsfestivalen for første gong på 16 år!

 

Øyvind Sandum[2].JPGTrekkspelar og durspelemann Øyvind Sandum frå Lalm er óg ein av dei største medaljegrossistane me har i gammaldansmiljøet; 18 gull-, 16 sølv- og 8 bronsjemedaljar! Sandum er ein ettertrakta musikar både som solist, og som utøvar i gruppene ”Lendmenn”, ”Sandum trio” og ”Nordafjells”.

 
 
 
 
Konserten er sponsa av Digital Etikett.