Christianne Kvam

Meld deg som frivillig du og!

- Eg møtte utruleg mange positive og greie folk som eg aldri ville ha møtt om eg ikkje hadde meldt meg til frivillig arbeid.

I august gjekk landsfestivalen i gamaldans av stabelen i Gaupne. Eit stort arrangement i ei lita bygd.

Eg vart spurt om å vera frivillig av to svært så blide og hyggelege damer, og kven kan vel seie nei til det? Og det  var ingenting å angre på! Det å jobbe som frivillig var svært kjekt. Eg møtte utruleg mange positive og greie folk som eg aldri ville ha møtt om eg ikkje hadde meldt meg til frivillig arbeid. Arrangørane hadde lagt godt til rette for at arbeidsoppgåvene skule gå så smertefritt som mogleg, noko det også gjorde. Dessutan vart me oppvarta både med mat, drikke og positiv tilbakemeldingar på jobben me gjorde.

Det å ta i eit tak som frivillig synst eg alle som har sjans til burde gjere ein gong i blant. Eg synst det er viktig å kunne bidra til eit større fellesskap, med eit ynskje om å kunne hjelp til utan å heve løn i form av pengar for arbeidet. For min eigen del var det å kunne å kunne bidra med ein liten del berre positivt! Still opp som frivillig, det gir mykje meir enn det tar!

Christianne Kvam
-Frivillig på Landsfestivalen 2016


Her kan du lese meir om å være frivillig på Landsfestivalen og melde deg som frivillig

| Mer++