Landsfestivalen i gammaldansmusikk er eit av dei tre årlege hovedarrangementa til FolkOrg. Den fyrste Landsfestivalen vart arrangert i Førde i 1986, og har sidan vorte arrangert kvart år. I tillegg til tevling er det dansespel og sosialt samvære som er i hovedfokus dei fem dagane Landsfestivalen varar. Det kjem om lag 3000 besøkjande og det deltek omlag 1000 personar i tevlingane. Det vert tevla i omlag 15 ulike klasser - solistar, grupper, spelemannslag og dansarar.

Lokal arrangør er Oppdal Spell- og dansarlag
Det er eit lokallag som saman med administrasjonen i FolkOrg arrangerar Landsfestivalen, kvart år tek eit av dei mange dyktige lokallaga på seg oppgåva å inviterer heile Noreg til festival. I 2017 er det Oppdal spell- og dansarlag som har teke på seg ansvaret for å gjennomføre Landsfestivalen i gammaldansmusikk.
Ta gjerne kontakt dersom du lurar på noko kring Landsfestivalen 2017! - Her finn du kontaktinformasjon til hovudnemnda til Landsfestivalen i Oppdal

 
 
 

Medlem i FolkOrg?

Medlemskap i FolkOrg kostar kr 290,- for vaksne og kr 100,- for born/ungdom (t.o.m. fylte 18 år), pluss eventuell kontingent til områdelag og/eller lokallag.

Som medlem får du rett til å delta på tevlingane.
Du får og god rabatt på gjennomgangsbillettar på Landsfestivalen, Landskappleiken og Folkelarm som medlem i FolkOrg.
I tillegg får du tilgang til ei svært god forsikringsordning for instrument og bunad og er det mange andre medlemsfordelar, som du kan sjå her.

ALLE er velkommne som medlemmar i FolkOrg - meld deg inn i dag!
(Du får tilsendt faktura med medlemskort i posten)

Du kan og sende ein e-post til jorun@folkorg.no

 
Andreas Bjørkås og Kristin Gravaune - Foto Ingvil Skeie Ljones_700x467.jpg
Andreas Bjørkås og Kristin Gravaune - Foto Ingvil Skeie Ljones.