Landsfestivalen i gammaldansmusikk er eit av dei tre årlege hovedarrangementa til FolkOrg.

Den fyrste Landsfestivalen vart arrangert i Førde i 1986, og har sidan vorte arrangert kvart år. I tillegg til tevling er det dansespel og sosialt samvære som er i hovedfokus dei fem dagane Landsfestivalen varar. Det kjem om lag 3000 besøkjande og det deltek omlag 1000 personar i tevlingane. Det vert tevla i omlag 15 ulike klasser - solistar, grupper, spelemannslag og dansarar.

Lokal arrangør er Skjåk spel- og dansarlag
Det er eit lokallag som saman med administrasjonen i FolkOrg arrangerar Landsfestivalen, kvart år tek eit av dei mange dyktige lokallaga på seg oppgåva å inviterer heile Noreg til festival. I 2017 er det Skjåk spel- og dansarlag som har teke på seg ansvaret for å gjennomføre Landsfestivalen i gammaldansmusikk.

Ta gjerne kontakt dersom du lurar på noko kring Landsfestivalen 2018!

 

Medlem i FolkOrg?

Medlemskap i FolkOrg kostar kr 290,- for vaksne og kr 100,- for born/ungdom (t.o.m. fylte 18 år), pluss eventuell kontingent til områdelag og/eller lokallag.
 

Nokre av medlemsfordelane:

  • Rett til å delta på tevlingane
  • Rabatt på gjennomgangsbillettar til Landsfestivalen, Landskappleiken og Folkelarm.
  • Bladet Folkemusikk til ein svært god pris
  • Tilgang til ei svært god bunads- og instrumentforsikring gjennom if

Samt fleire andre fordelar som du ser her
 

Tips: Meld deg inn før du kjøper gjennomgangsbilletten og spar pengar.

Meld deg inn i FolkOrg her, eller på stemnekontoret når du kjem til Oppdal.