Overnatting i Kinsarvik

Festivalcamping:
Kinsarvik Camping ligg rett attmed Fjordahallen og Kinsarvik skule. Attåt utleige av hytter og sitt eige campingareal så disponerer Kinsarvik Camping også skuleplassen og anna grøntareal kring Fjordahallen om sommarane. Denne campingen vert sentrum for buskspel, liv og leik under Landsfestivalen 2019.
Les meir og finn kontaktinformasjon her: http://www.kinsarvikcamping.no

 

Familiecamping/stillecamping:

Mikkelparken Ferietun ligg omlag 500 meter frå Fjordahallen og er den perfekte staden for dei som ynskjer litt rolegare omgjevnader på kveldstid. Her skal det vera ro etter kl. 2300, og det vil sannsynlegvis vera gjester på campingen som ikkje tek del i Landsfestivalen. Les meir om hyttene, leilegheitene og camping på Mikkelparken Ferietun og finn kontaktinformasjon her: https://ferietun.mikkelparken.no

Bråvoll Camping ligg rett attmed Mikkelparken Ferietun. Her vert det også Familiecamping/stillecamping:  https://nb-no.facebook.com/Braavollcamping/  Tlf 53 66 35 10



First Hotel Kinsarvik
300 meter frå Fjordahallen ligg nyoppussa First Hotel Kinsarvik. Les meir om romma og finn kontaktinformasjon her:
https://www.firsthotels.no/hoteller/norge/kinsarvik/first-hotel-kinsarvik/

Huse Gjestegard
Ta også ein kikk på staselege Huse Gjestegard som ligg 15 minutt å gå frå Fjordahallen:
http://www.huse-gjestegard.no/


Klasserom, festivalcamping og privat utleige
Framover skal festivalnemnda jobba med å få til overnatting på klasserom på Kinsarvik Skule, utleige av det me får disponera av kommunalt grøntareal og formidling av private hus til utleige. Meir informasjon kjem.
 

Andre overnattingsstader:
8 kilometer sørover frå Kinsarvik finn ein vakre Lofthus med fleire overnattingsstader:

Overnatting på Lofthus

Lofthus Camping:
http://lofthuscamping.com

Hotel Ullensvang:
http://hotel-ullensvang.no

Ullensvang Gjesteheim:
http://www.ullensvang-gjesteheim.no

Hardanger Hostel B&B:
http://www.hardangerhostel.no

9,5 kilometer nordover frå Kinsarvik ligg Ringøy Camping:
http://www.ringoy-camping.no

Ynskjer du å utvide festivalveka?

Ynskjer du å vera i Hardanger ei stund, eller er du ekstra sprek og ynskjer å ta ein fjelltur, bada i Tropefryd i Mikkelparken og liknande innimellom all dansinga så har Hardanger mykje å by på. Du finn det meste her: https://www.hardangerfjord.com

 

 

Kart_Kinsarvik.jpg