Sjokoladefestivalen er ei mønstring av dei aller yngste festivaldeltakarane. Under sjokoladefestivalen deler ikkje dommarane ut poeng eller plasseringar – berre sjokolade!

Ein kan delta med song, spel eller dans, anten åleine, som ei gruppe eller i større lag. Sjokoladefestivalen er meint som ein søt inngang i festivallivet, og stemninga er alltid fenomenal!

Mønstringa er tenkt for dei som er under 14 år, men reglane er romslege, og ein kan òg be med seg ein læremeister eller ein annan god ven som er spesielt glad i sjokolade!

Sjokoladefestivalen går føre seg i Allsalen i Kulturhuset laurdag 29. juli kl. 16.00
Påmelding skjer på festivalkontoret i løpet av festivalen, og fristen for å melde seg på er sett til laurdag kl. 14.00.


For meir informasjon, ta kontakt med:

Rikke van Ommeren
rikke.van.ommeren@gmail.com

Telefon 99 23 18 16

sjokoladefestival_bilde_til_fri_bruk.png

Illustrasjonsbilde