Kven kan få presseakkreditering? 
Vi gjev akkreditering til medium med minimum eitt betalt årsverk for dei som driv med uavhengig, offentleg og redaksjonelt arbeid. Akkrediteringa er personleg og kan ikkje overdras til andre. Vi gjev som hovudregel akkreditering til ein person per medium, men i enkelte tilfeller kan fleire få akkreditering. 

Presseakkreditering vil gje tilgang til heile festivalområdet som er tilgjengeleg for publikum. På enkelte programpostar må pressa ha billettar. Dei som får presseakkreditering vil få oversikt over kva arrangement som ein må tinge billettar til. Eit medium kan som hovudregel ha totalt ein billett per arrangement, i enkelte tilfeller fleire, med atterhald om at det kan verta fullt.  

For å få presseakkreditering er det eit krav at ein skal publisere relevante nyheitssaker der Landsfestivalen og/eller FolkOrg er nemnt. Landsfestivalen/FolkOrg kan be om å få tilsendt saker i etterkant av arrangementet.  

Landsfestivalen/FolkOrg tek atterhald om at det kan bli fullt på enkelte arrangement/konsertar.  

Rettigheiter til film, lydopptak og direktesending på Landsfestivalen  
Det er lokal arrangør av Landsfestivalen gjeldande år, og FolkOrg som har rettane til filmopptak og direktesending frå arrangementet.

Det er ikkje ope for andre å sende direkte frå arrangementet eller ta opp film eller lyd frå arrangementet utan eige avtale om dette. Dette gjeld og direktesending i sosiale medium.  

Unntaket til filmopptak og direktesending er om nokon ønskjer å filme seg sjølv, eller at dei har avtale med familie/vener om å gjere opptak. Vi viser til gjeldande lovverk om kva ein kan publisere på nett av andre, dette gjeld og privatpersonar. 

Bilete 
Akkreditert presse kan publisere bilete frå tevlingar og andre offentlege arrangement. Dei som deltek på tevlingane har i forkant meldt frå om dei godtek at det vert publisert bilete av dei. Akkreditert presse vil få informasjon om det er nokon som har reservert seg mot publisering. Alle andre må sjølv innhente godkjenning etter gjeldande lovverk.

Ordensreglar for presse på Landsfestivalen 
På Landsfestivalen er det tevlingane som er i fokus. Det er difor ikkje anledning til å forstyrre utøvarane som er på scena, dei skal ikkje snakkast til eller forstyrrast på nokon annan måte. Ta hensyn til publikum som dansar ved tevlingane.

På tevlingar på Landsfestivalen er det moglegheit til å danse til tevlingane, difor vert det betre anledning til for fotografar å bevege seg framfor scena. Det vert difor ikkje reservert plassar for presse på tevlingane på Landsfestivalen. Det vert reservert plassar til presse på dei to–tre fremste radene i salen ved konsertar der det er mogleg, til dømes på Meisterkonserten. Vi kan ikkje garantere at det er reservert plass til alle som ønskjer det, møt opp i god tid. 

Vern av utøvarar og publikum 
Vi ønskjer at utøvarar og publikum skal kunne være til stades på Landsfestivalen utan å være redde for at deira deltaking i tevling, sosiale dans, samtalar eller buskspel skal verta spreidd på internett utan at dei er spurde og har samtykka til dette. Vi viser til norske lover og regelverk. 

 
Dette reglementet er oppdatert og vedteke i styret i FolkOrg 26. mai 2023.