Sol i skuggeskog

Torsdag 2.aug: Kyrkjekonsert med "Sol i skuggeskog"

Det er duka for ein stemningsfull og flott konsert i Vågåkyrkja torsdag 2.august kl. 23.00, med Trioen "Sol i skuggeskog".

Dei veletablerte musikarane med røter i Vågå og Oppdal har markert seg sterkt det siste året. Øyvind Sandum frå Lalm og Einar Lian-Bjørgum, også oppvaksen i Vågå, er to av aktørane. Einars kone, Ingrid Lian-Bjørgum frå Oppdal, er den tredje i trioen. Ho er ein svært dyktig vokalist.

På konserten i Vågåkyrkja har dei også med seg Hallgrim Ulvik Haug frå Vågå og Erlend Viken og Knut Sneve frå Oppdal. Like eins Finn Sandum, som har ansvaret for tekstene til «Sol i skuggeskog».

Billettar blir selde på stemnekontoret (Vågåmo skule) frå tysdag 31.juli, eller ved inngangen. Det er og førehandssal av billettar på servicetorget i Vågå kommune, tlf: 61293600 mellom kl. 07.30 - 15.00.

| Mer++