Tid: Fredag 9. august, kl. 12.00-13.30
Stad: M/S Lindenes, oppmøte hurtigbåtkaien
Billettpris: Vaksne kr. 300, ungdom (12-18 år) kr. 150
Kjøp billettar her!

 

Inger Elisabeth tek med seg trøorgelet ombord på M/S Lindenes, og dei to utøvarane tek eit lite djupdykk i kva dei har spelt i lag opp igjennom tidene med hovudvekt på Rannveig sine komposisjonar.

Om M/S Lindenes:
M/S Lindenes er ein passasjer- og arbeidsrutebåt som gjekk mellom Odda, Tyssedal og Zinken på Eitrheimneset (Odda). Skøyta vart også difor kalla "zinkskøyto". Båten vart bygd allereie i 1943, og arbeidsskyssen varte heilt fram til 1973. I 1980 vart båten seld til Bjørvika skipsselskap AS i Oslo. I 2014 vart båten oppført på Riksantikvaren si liste over verneverdige fartøy, og i 2015 vart kjøpt av M/S Lindenes AS og ført tilbake til Odda.

Nærare musikken og nærare naturen kjem du ikkje! Bli med på båtkonsert på Sørfjorden som er omringa av dei flottaste fjell og frukthagar. Dette vert garantert ei oppleving!
Det er moglegheit for å kjøpa forfriskingar på båten.

Inger Elisabeth Aarvik og Rannveig Djønne Foto Aasmund Aarvik.jpg

Foto: Aasmund Aarvik