Tid: Fredag 9. august, kl. 16.00-17.00
Stad: Gymsalen, Kinsarvik skule
Gratis dersom du har dagsbillett eller festivalpass

 

I si etter kvart rikhaldige samspelskarriere har laget halde konsertar høgt til fjells, vunne lokale, nasjonale og nordiske meisterskap i folkemusikk, og laga liv på gyngande dansegolv landet over. Innimellom alt dette har dei fordjupa seg i gamle runddanstradisjonar frå Sogn og Hardanger, og vekt liv i gøymde og gløymde slåtteperler. I 2019 gjev dei ut CD med nokre av sine favorittslåttar, og gler seg til å dele desse, og fleire til, på plastesleppet på Landsfestivalen i Kinsarvik!
 

Gamlebanken plateslepp.jpg