Tid: Fredag 9. august, kl. 17.00-18.30
Stad: M/S Lindenes, oppmøte hurtigbåtkaien
Billettpris: Vaksne kr. 300, ungdom (12-18 år) kr. 150
Kjøp billettar her! 

 

Jentene frå Hardanger hadde i 2016-2018 sommarjobb med å reisa rundt i Hardanger og Voss for å spela konsertar for bygdafolk og turistar. Med dans, spel og song har jentene synt fram tradisjonsmusikk frå Hardanger og Voss, med smådrypp frå andre tradisjonar.

Amalie Kinsarvik Tvilde: Toradar, gitar og song
Åshild Sorteberglien Ljones: Song og dans
Marta Lindvik: Hardingfele, song og dans

Om M/S Lindenes:
M/S Lindenes er ein passasjer- og arbeidsrutebåt som gjekk mellom Odda, Tyssedal og Zinken på Eitrheimneset (Odda). Skøyta vart også difor kalla "zinkskøyto". Båten vart bygd allereie i 1943, og arbeidsskyssen varte heilt fram til 1973. I 1980 vart båten seld til Bjørvika skipsselskap AS i Oslo. I 2014 vart båten oppført på Riksantikvaren si liste over verneverdige fartøy, og i 2015 vart kjøpt av M/S Lindenes AS og ført tilbake til Odda.

Nærare musikken og nærare naturen kjem du ikkje! Bli med på båtkonsert på Sørfjorden som er omringa av dei flottaste fjell og frukthagar. Dette vert garantert ei oppleving!
Det er moglegheit for å kjøpa forfriskingar på båten.
 

felefylgje_0583.jpg