Tid: Laurdag 10. august, kl. 12.00-13.30
Stad: M/S Lindenes, oppmøte hurtigbåtkaien
Billettpris: Vaksne kr. 300, ungdom (12-18 år) kr. 150
Kjøp billettar her!

 

Alt og alle er med i sogene om Hardanger. Sjølvsagt litt om sider, om all den gode maten, om bryllaup og fest, om tre gamle ungkarar, om ein tatovert vossing og om korleis det gjekk då han møtet att ein jamaldring. Kvitanesen har fått ein eigen sider oppattkalla etter seg, han er frisk i smaken og virker på humøret og fantasien.

Om M/S Lindenes:
M/S Lindenes er ein passasjer- og arbeidsrutebåt som gjekk mellom Odda, Tyssedal og Zinken på Eitrheimneset (Odda). Skøyta vart også difor kalla "zinkskøyto". Båten vart bygd allereie i 1943, og arbeidsskyssen varte heilt fram til 1973. I 1980 vart båten seld til Bjørvika skipsselskap AS i Oslo. I 2014 vart båten oppført på Riksantikvaren si liste over verneverdige fartøy, og i 2015 vart kjøpt av M/S Lindenes AS og ført tilbake til Odda.

Nærare musikken og nærare naturen kjem du ikkje! Bli med på båtkonsert på Sørfjorden som er omringa av dei flottaste fjell og frukthagar. Dette vert garantert ei oppleving!
Moglegheit for å kjøpa forfriskingar på båten.
 

Kvitanesen.JPG