Sjokoladefestivalen er ei scene for born under 12 år. Dette er ikkje ei vanleg tevling med poenggjeving og rangering, men ei mønstring for dei som ynskjer å delta, men er for unge til å stilla i juniorklassane. Her er det opent for alle folkemusikalske uttrykk, anten det er å dansa, syngja eller spela eit instrument. Det er gratis å delta, og ein kan stilla både solo og saman med andre. På Sjokoladefestivalen er det sjølvsagt sjokolade til premie! Og kanskje Mikkel og Mikkeline som bur i Mikkelparken dukkar opp.

Programleiarar: Åshild S. Ljones og Kristoffer Kleiveland.
Dommarar: Maria Toppe og Torkjell L. Børsheim.

For påmelding til Sjokoladefestivalen:
Send deltakarens namn og alder til
- Ingrid Standal Sørheim: ingridstandal@hotmail.com, tlf.: 90291180
- Marta Lindvik: marta-lindvik@hotmail.com, tlf.: 97697753
Påmeldingsfrist fredag 9. august

Praktiske opplysningar:
- Festivaltoget går frå gymsalen på Kinsarvik skule til Mikkelparken kl. 13.00.
- Gratis inngang i Mikkelparken med festivalband eller dagsband.
- Born under 12 år kjem gratis inn på alle arrangement under Landsfestivalen, men det må likevel løysast festivalband, og billettar til konsertane.

Mikkelparken foto Knut Utler.jpg

Foto: Knut Utler