Tid: Laurdag 10. august, kl. 16.00-17.00
Stad: Gymsalen, Kinsarvik skule
Gratis dersom du har dagsbillett eller festivalpass

 

Målet for gruppa var å finna fram att dei gamle slåttane som no er gløymde og ute av bruk, men som har stor verdi som supplement til det rikhaldige slåtterepertoaret i Hornindal. Lars Tomasgard og Lars Hjellbakk var begge notekunnige og noterte ned slåttar etter gamle spelemenn, og det er desse notane som er grunnlaget til gruppa. I 2015 gav gruppa ut plata «Brylljaupsafta» som gav dei Folkelarmprisen. Dette gav kveik til plate nummer to. På Landsfestivalen vert det plateslepp med denne plata. "Honndalsbrura" er ei plate med god blanding av reine feleslåttar og gammaldans der dei har med både trekkspel, gitar og bass.
 

Honndalsmusikken.jpg