Tid: Laurdag 10. august, kl. 17.00-18.30
Stad: M/S Lindenes, oppmøte hurtigbåtkaien
Billettpris: Vaksne kr. 300, ungdom (12-18 år) kr. 150
Kjøp billettar her!

 

No har Lajla Renate Buer Storli, John Ole Morken og Knut Hamre henta fram mindre brukte slåttar og songar. Dei har lege godt gøymde på noteark og gamle spoleband. På ein båttur på speglblank fjord vil slåttane og songane atter ein gong sjå dagens lys. Storli, Morken og Hamre vil ta publikum med på ei reise frå fjord til fjell. Vare og vakre tonar ispedd gode historier.

Om M/S Lindenes:
M/S Lindenes er ein passasjer- og arbeidsrutebåt som gjekk mellom Odda, Tyssedal og Zinken på Eitrheimneset (Odda). Skøyta vart også difor kalla "zinkskøyto". Båten vart bygd allereie i 1943, og arbeidsskyssen varte heilt fram til 1973. I 1980 vart båten seld til Bjørvika skipsselskap AS i Oslo. I 2014 vart båten oppført på Riksantikvaren si liste over verneverdige fartøy, og i 2015 vart kjøpt av M/S Lindenes AS og ført tilbake til Odda.

Nærare musikken og nærare naturen kjem du ikkje! Bli med på båtkonsert på Sørfjorden som er omringa av dei flottaste fjell og frukthagar. Dette vert garantert ei oppleving!
Det er moglegheit for å kjøpa forfriskingar på båten.
 

Knut Hamre, Lajla Renate Buer Storli, John Ole Morken. Foto Eirin Tjoflot.jpg

Foto: Eirin Tjoflot