Takk til FolkOrg som gav oss arrangøransvaret og til alle som har tevla og spelt opp til dans! Takk til dansande, lydhørt og smilande publikum. Og takk til utøvarane som har gitt oss fantastiske konsertopplevingar. Skal me døma etter tilbakemeldingane frå deltakarar og publikum, kan me seia oss særs nøgde. Folk har trives på det kompakte festivalområdet me tilbydde i Kinsarvik. Fjordahallen har vist seg frå si beste side, og fungert ypparleg som arena for tevlingar og dans.
Selde billettar og deltakaravgifter viser at om lag 2 200 personar var innom arrangementa ei eller fleire gonger.

Takk også til alle som har stått på dag og natt, både før og under festivalen! Rundt 300 frivillige har sytt for at alle hadde det triveleg, anten i hallen, på skulen eller i matteltet. I tillegg til desse 300 kjem alle dei som stilte opp frivillig for å spela konsertar. Takk til alle som har leigd ut hus, og ikkje minst, takk til det lokale næringslivet som har bidrege på alle moglege måtar!

Besøkande var svært nøgde med matmenyen vår som heilt og fullt var frå nærområdet. Omsetninga ser ut til å vera over det me har budsjettert med, og me vil nå budsjettmålet på om lag 2,5 mill. kroner. No må me få oversyn over utgiftssida før me kan seia noko om det økonomiske resultatet.

Med andre ord, me er nøgde. Takk for oss, og velkomne attende til Hardanger!

hs mini.png