Eit år før det brakar laus med Landsfestival i Vågå!

Helga kring 8. august er det eitt år til det brakar laus i Vågåmo, i 2021 vert Landsfestivalen i gammaldansmusikk nok ein gong arrangert i bygda vår!

Dette vil vi markere med stor utandørs konsert fullspekka av musikalske smakebitar frå lokale lag, grupper og solistar. Konserten vil foregå i Ullinsvin i Vågå! Til å leie oss gjennom konserten har vi fått med oss songfuglen Mari Midtli og den lettliva Hans Andreas Solbakken. Det vert og overrekking av budstikka, ei budstikke som vandrar frå festivalarrangør til festivalarrangør, som no kjem attende til Vågå.

Konserten byrjar kl. 17.00. Ullinsvin Drift står for servering av mat og drikke, så kom gjerne tidleg og få deg ein matbit før konserten.

Billett får du kjøpt her: https://tikkio.com/tickets/18017-meisterkonsert-i-ullinsvin NB! Begrensa plassar

Arrangementet vil og bli filma og sendt direkte, dette kjem vi attende med meir informasjon om og lenkjer i sosiale medier.

Velkomen til Vågå, og ‘Takk for sist’!

Arr: Vågå trekkspelklubb

Framside arr. Meisterkonsert_1000x563.png