Andersen Sørensen 200 år

Dato: torsdag 4. august 
Klokkeslett: 23:00
Stad: Vågå kyrkje
Billettpris: 300,- 
Billettar får du kjøpt her

I 2021 var det 200 år sidan spelmannen og komponisten Anders Sørensen frå Romedal på Hedmarken vart fødd. Han var ein betydeleg spelmann som reiste mykje rundt med fela både i Noreg, Sverige og Danmark. Saman med m.a. Loms-Jakup bidrog han sterkt til at runddansmusikken vart godt kjend og populær mange stader i Noreg, samtidig som han let etter seg mange av sine eigne komposisjonar i mange norske bygder – også i Vågå.

Hollos efterfølgere vil på denne konserten gjennom ord og tonar gje liv til spelmannen Anders Sørensen. Dei vil presentere mange av hans eigne komposisjonar, i tillegg til smakebitar frå Sørensens samtidige spelmenn, som f.eks. Lars Hollo og Oluf Melvold. Anders Sørensen var ofte òg i Vågå, og han hadde sin siste konsert her i bygda, i Lundsalen på Kræmar-Sandbu i 1895.

Hollos efterfølgere

Hollos efterfølgere, som har teke namnet sitt frå komponisten, spelemannen og orkesterleiaren Lars Hollo (1826-1902) frå Hamar, er eit ensemble som har spesialisert seg på den såkalla storgardsmusikken frå Hedmarken. Dette er ein forløpar til dansemusikken som vi i dag omtalar som runddansmusikk eller gammaldansmusikk. Ensemblet vart starta i 2015 med mål om å ta i bruk originalkomposisjonar og -arrangement frå den tida Lars Hollo var aktiv, og da denne musikkforma var relativt ny i Noreg. Musikken er tydeleg påverka av den klassiske stilen frå Sentral-Europa på den tida, og besetninga varierte både i storleik og instrumentering. Hollos efterfølgere har ei besetning som var mest typisk for tida rundt 1900: Feler, bratsj, cello, kontrabass, klarinett, trompet og piano. I dag er Hollos efterfølgere det eineste ensemblet i sitt slag som spelar original storgardsmusikk til dans, og årleg arrangerer ensemblet saman med storgarden Simenstad på Ringsaker ein tradisjonell storgardsball. Hollos efterfølgere består av dei fremste utøvarane av denne musikken i Noreg. Musikarane er tungt utdanna innan folkemusikk og klassisk musikk, og fleire har store merittar i folkemusikk- og gammaldanskonkurranser. Marit Westling og Thomas Nilssen er to av dei i ensemblet som har ein unik kunnskap og oversikt over stilartane, historia, dansen og musikken på Hedmarken.

På konserten i Vågåkyrkja møter du:

Thomas Lomundal: fele
Marius Westling: fele og bratsj
Bjørn Kåre Odde: fele og bratsj
Marit Westling: fele og trompet
Thomas Nilssen: klarinett
Ida Marlene Christensen: cello
Harald Juliussen: kontrabass
Ronny Kjøsen: piano

Billett kjøper du her

 

Hollos efterfølgereHollos efterfølgere

Fotograf: Thomas Westling