Dette er eit tilbod for dei yngste utøvarane, og vi ynskjer alle born opp til 14 år velkomen på scena, anten ein vil spele instrument, danse eller syngje.

Det er gratis å bli med, og alle blir sjølvsagt premierte! 

Fyll ut skjemaet nedanfor, merk at alle felt merka med * må fyllast ut. 
Etter innsendt påmelding vil du få ei bekrefting på E-post. Har du ikkje motteke den? Sjekk gjerne søppelpost. 

Tid og stad: Fredag 5.august kl. 15.00, på utescena ved Vågå kommunehus.
Siste frist for påmelding er 4. august kl 16.00, vi ønskjer kun forhåndspåmelding i år. 

Registrering frå 14:00 - 14.45, møt opp i god tid. 

Her finn du kart over sentrum
 

Har du spørsmål?
Ta kontakt med Øyvind Sandum
tlf. 957 74 037
E-post: barnefestival2022@landsfestivalen.no