Fredag 24. mai opna påmeldinga til Landsfestivalen i gamaldansmusikk, og to av dei første som meldte seg på var Norill Terese Norheim og Solveig Brekke Hauknes. Norill, frå Luster i Sogn, spelar toradar og skal delta i gruppespel med gruppa «Ein haile halve maone» og i lagspel durspel/trekkspel med "Hafslobelgen". Solveig, frå Bærum, skal delta i spel fele/hardingfele senior og i pardans-konkurransen. Som blant dei ivrigaste til å melda seg på Landsfestivalen, har vi stilt dei nokre spørsmål for å lodde stemninga fram mot festivalen.

 

Norill ser fram til å møta gamle og nye kjende
Kva er det som lokkar deg til å stille på Landsfestivalen, Norill?
Eg reiser på Landsfestivalen for å møte folk og spele saman med gruppa mi, «Ein haile halve maone».

Kva aktivitet er det i laget og gruppa du spelar i i løpet av året?
Det er mest aktivitet i Hafslobelgen. Der spelar me til dans ein gong i månaden, frå haust til vår. «Ein haile halve maone» treffast ikkje så ofte, men me prøver å ha eit par samlingar i året.

Kva er fokuset i gruppa og laget du spelar i?
Fokuset er fyrst og fremst å ha det morosamt når me spelar og berre kose oss med musikken, som gjeld både i «Ein haile halve maone» og i Hafslobelgen.

Nemn eit særskilt Landsfestivalminne du hugsar godt.
Mitt beste minne frå Landsfestivalen var då «Ein haile halve maone» kom til finalen i Gaupne og fekk spele på heimebane. Det var stort!

Til slutt, er det noko du ser ekstra fram til før årets Landsfestival?
Ser fram til å koma til Kinsarvik. Eg har mange gode opplevingar frå Blømingsfestivalen, og eg likar meg godt der. Trur det kjem til å bli ein veldig kjekk og intim festival. Og så ser eg alltid fram til å møte gamle og nye kjende!

Norill Terese Norheim - 01 - LF17, durspel sr - Foto Runhild Heggem_560x840.jpg
Norill Therse Norheim deltok i durspel senior på Landfestivalen i gammaldansmusikk 2018. Foto: Runhild Heggem

 

Diggar at det er mykje dans på Landsfestivalen
Kva er det som lokkar deg til å stille på Landsfestivalen, Solveig?
Det gir meg eit konkret mål å øve til, slik at eg blir nøydd til å spele litt og kanskje får lært meg nokre nye slåttar. Og sjølvsagt fordi eg tykkjer Landsfestivalen er eit av sommarens høgdepunkt.

Du er ein ivrig deltakar både på Landskappleiken og Landsfestivalen. Kva tykkjer du er den største skilnaden på desse arrangementa?
På kappleiken er det ofte så travelt og så mange ting som skjer parallelt. Det kan nesten bli litt slitsamt, men det har jo sin sjarm det og. Medan på festivalen er det meir reindyrka festivalstemning med mindre stress, meir kos og alt er som regel samla på same stad. I tillegg diggar eg at det er tilrettelagt for så mykje dans på festivalen, særleg til alle tevlingane, òg til kvalifiseringane. For meg har nettopp dette vore med på å gjere terskelen lågare for å stille i t.d. solospel, då er veit at det berre er å spele eit par slåttar til dans. Det vert liksom meir uformelt og mindre stress. Glad for at me ha båe arrangementa.

Korleis går du fram når du skal velja slåttar til Landsfestivalen?
Slåttevalet skjer som regel altfor seint, så det er ikkje alltid ein har så mange å velje mellom. Men eg prøvar å læra meg nokre nye frå t.d. YouTube, Tidal/ Spotify eller noko slikt. Og så skal det helst vera eit par slåttar som er gode å danse til og som eg likar å spele. Det er sjølvsagt litt ekstra stas om eg finn nokre som er frå Myrkdalen, der eg har slekt ifrå, men det er ikkje noko krav.

Nemn eit særskilt Landsfestivalminne du hugsar godt.
G35 på nach..


Til slutt, er det noko du ser ekstra fram til før årets Landsfestival?
Gler meg til at festivalen skal vera i Hardanger, trur det vert ekstra fint.