Det er ein lang prosess å få på plass alle dommarane til Landsfestivalen i gammaldansmusikk, men kunnskapsrike folk på sine felt har teke på seg dommargjerninga i Kinsarvik.

Det er styret i FolkOrg som er ansvarlege for dommarane under Landsfestivalen, og juryen vert sett saman ut i frå styret sine lister. Ein prøvar å få variasjon i mellom anna bakgrunn, geografi, kjønn og alder, slik at juryen speglar variasjonen som er blant deltakarane. I år er det seks damer og sju menn som skal dømme under festivalen.

Landsfestivalen i gammaldansmusikk er bygd kring ein enorm dugnadsinnsats, og dommargjerninga er ikkje noko unntak. Dommargjerninga er ikkje honorert, og dei tek på seg ei oppgåve som fleire av dei gru-gler seg til. Likevel får vi heldigvis mange tilbakemeldingar om at det er ei ære å bli spurt om å dømme på Landsfestivalen i gammaldansmusikk.

Dersom nokon av utøvarane eller publikum har klager i høve reglementet, resultat, dømming eller liknande under festivalen, så skal dei ta kontakt med styret eller administrasjonen i FolkOrg.

 

Dommerkollasje LK2019 - kvadrat_800x800.png

Durspel: Willy Rustad, Ingunn Stræte, Nils Øyvind Bergset

Lagspel durspel/trekkspel: Nils Øyvind Bergset, Ingunn Stræte, Helene Myklemyr Bolstad, Arne Sandum

Andre instrument: Ragnhild Stendsrud, Håvard Svendsrud, Helene Myklemyr Bolstad

Lagspel fele/hardingfele: Jan Arne Sebuødegård, Håvard Svendsrud, Britt Pernille Frøholm, Arne Sandum

Gruppespel: Willy Rustad, Ragnhild Stendsrud, Jan Kåre Bjørkås, Arne Sandum

Samspel jr./sr.: Ragnhild Stensrud, Nils Øyvind Bergset, Jan Kåre Bjørkås

Fele/hardingfele: Jan Kåre Bjørkås, Britt Pernille Frøholm, Jan Arne Sebuødegård

Pardans/lagdans: Torill Jørgensen, Anbjørg Myhra Bergwitz, Arne Ivar Blankenborg