Durspel
Hanne-Kari Bakke
Rikke Van Ommeren
Sindre Fotland

Lagspel durspel/trekkspel
Rikke Van Ommeren 
Sindre Fotland
Even Røhjell
Jo Asgeir Lie

Andre instrument 
Even Røhjell
Håvard Svendsrud
Kristina Farstad Bjørdal

Lagspel fele/hardingfele
Kristen Odde
Gro Marie Svidal
Kristina Farstad Bjørdal
Jo Asgeir Lie

Gruppespel
Hanne-Kari Bakke
Håvard Svendsrud
Kristin Teigen Stasviken
Jo Asgeir Lie

Samspel jr/sr
Even Røhjell
Gro Marie Svidal
Rikke Van Ommeren 

Fele/hardingfele
Kristin Teigen Stasviken
Gro Marie Svidal
Kristen Odde

Pardans/lagdans
Renate Nysted Tønnesen
Anna Gjendem
Johannes Kjos

Super-Junior
Håvard Svendsrud
Kristin Teigen Stasviken
Sindre Fotland

 

FolkOrg er ansvarleg for dommarane
Det er styret i FolkOrg som sett saman dommarpanela til Landsfestivalen. Ein prøvar å få variasjon i mellom anna bakgrunn, geografi, kjønn og alder, slik at juryen speglar variasjonen blant deltakarane.

Landsfestivalen er bygd kring ein enorm dugnadsinnsats, og dommargjerninga er ikkje noko unntak. Dei fleste av dommarane på Landsfestivalen må setje av tida frå onsdag til søndag, og det går med mange timar til dømming og møter gjennom kappleiken. Dommargjerninga er ikkje honorert, og dei tek på seg ei oppgåve som fleire av dei gru-gler seg til. Likevel får vi heldigvis mange tilbakemeldingar om at det er ei ære å bli spurt om å dømme på Landsfestivalen! Tusen takk til alle som har teke på seg å være dommar i år! 

Dersom nokon av utøvarane eller publikum har klager i høve reglementet, resultat, dømming eller liknande i løpet av Landsfestivalen, skal dette rettast direkte til styret eller administrasjonen i FolkOrg.