Nytt av året er kafeen på Søre Bu, ved felemakarverkstaden ovanfor festivalområdet.

Her blir det buskspel, CD-slepp og sjølvsagt servering. Her vil vi tilby enklare matrettar som kjøtsuppe, vaflar, påsmurt og kaker, og alt av drikke. På Søre Bu har vi servering både inne og ute, og om været blir bra vil det bli moglegheit for ein svingom på plenen framfor tømmerbygget.

Søre Bu held ope torsdag, fredag og laurdag frå 11.00-23.00, men er du tidleg ute på festival blir det og buskspel-pub på Søre Bu frå 17:00.

Opningstider mattilbod

Buskspelpøbb tirsdag 2. august kl 17.00

CD-slepp med Kompani Byre og Over Stok og Steen torsdag 4. august

CD-slepp med Sør-Fron Spelmannslag og Anita Bråvoll fredag 5. august