Camping
Overnatting på vår festivalcamp skal vera ei trivleg oppleving, og her opplever du festivallivet på det aller beste med musikk og danseinteresserte i sosialt fellesskap døgnet rundt. Festivalcampen for Landsfestivalen 2020 blir på jordet til garden Solbraa, langs gamle E6 ein liten kilometer nord for festivalområde. Det er gangveg mellom camping og festivalområde, og undervegs passerer du KIWI med godt utval av daglegvarer.

Bestilling av plass
Du kan bestille campingplass på festivalcamp enten ved å bruke vippsløysinga her, eller ved å sende e-post til overnatting2020@landsfestivalen.no 

Det er viktig at du oppgir fullt namn på den som bestiller og betaler for plassen. Dersom du ønskjer plass ved saman med særskilte personar eller grupper må dette gjevast tydeleg beskjed om, eller det aller beste er at plassane blir tinga som ei bestilling. Vi skal gjera vårt aller beste for å oppfylle slike ønskje, med eit forbehold om at det er praktisk mogleg å få til.

Pris pr plass er kr 1800,- og dette gjeld for heile festivalperioden.

Kvar plass er på 9 x 10 meter, og det er plass til campingvogn med fortelt, samt bilen parkert framfor vogna.  

Plassen er tilgjengeleg frå tysdag 21. juli kl 15.00, og avreise er i løpet av søndag 26. juli.

Avkjøring til festivalcamp er frå Gudbrandsdalsvegen (gamle E6) ved Kiwi på Harpefoss.

Vatn, toalett og dusj
Det blir sett opp festival-toalett sentralt på campingområde. Fron Badeland ligg på sjølve festivalområdet, og der blir det gode dusj og bademoglegheiter under festivalen. Vatn kan hentast frå tappepunkt.

Strøm
Det blir sett ut strømkasser på campingområdet. Du må ha med eigen strømkabel/skjøteledning på ca 50 m, isolert, jorda og godkjent for utandørs bruk. Maks strømforbruk er 500 watt pr. campingeining, og det betyr at f.eks. kaffetrakter, varmeovn og tv IKKJE kan brukes samtidig. Ved strømbrudd må alle sjekke eigne kabler og ledninger og at dei er tilkobla før vakt tilkalles.

Søppel
Det blir sett ut container sentralt på campingområdet og alle har ansvar for å halde det reint og ryddig. Ved avreise skal plassen være rydda og fri for søppel.

Brann
Branngater og seksjonering er svært viktig for sikkerheit i tilfelle brann. Instruks for plassering av vogner, fortelt og bilar må følgjast. Open ild er ikkje tillatt, og grilling skal berre foregå utandørs. Forlat aldri grillkol eller eingongsgriller slik at dei medfører fare for brann eller skade.

Eigen teltcamp ved festivalarenaen
Rett ved sidan av festivalareaen på Harpefoss tilbyr vi camp for dei som kjem med eige telt til festivalen. Denne er avgrensa til telt av størrelse maks 3 x 3 meter. Dette skal vera ein tett og intim teltcamp, og bilar må parkeres utanfor dette området. Pris for teltplass er kr 1200 for heile festivalperioden. Det er tilgang til toalett og dusj i Sør-Fron kulturhus.

Bestilling via VIPPS
Bruk vippsnummeret som ligge ved eller scan QR-koden i biletet under her.
Velg den plassen du ønskjer ut frå kartet som ligger ved. (Felt F er ikkje heilt klarlagt for bruk endå)
Dersom navn på betalar av plassen fråvik frå den som skal nytte plassen, må det noterast i kommentarfeltet kven som skal bu på plassen.

Privat overnatting
Ønskjer du å tinge overnatting privat kan du melde deg inn i facebookgruppa vår for både leigetakarar og utleigarar i forbindelse med Landsfestivalen 2020!
https://www.facebook.com/groups/532643860792101/

 

Kontaktperson for overnatting
Hege Bjørkli
overnatting2020@landsfestivalen.no

QRkode_LF20.jpg

Kart over campingplassen BILDE