Torsdag 3. aug kl 22.30-23.30
Festsalen Førdehuset
Folkemusikken og forteljingane: Anders Viken i ord og tonar
Musikken til Anders Viken ligg inn i framtida, skal Sigbjørn Bernhoft Osa ha sagt ein gong. Spelemannen frå Skei i Jølster var kjend for å «bruka baae felone meisterleg». I eit konsertprogram kunne «Ave Maria» stå side om side med «Fanitullen».
Då Anders Vikne sjølv tok til å komponere musikk, eller tonestykkje, som han kalla det, var dei fine og krevjande melodilinjene prega av kor teknisk god han var, både på flatfele og på hardingfele. Kvar kom skaparkrafta frå? Korleis let det seg gjere å kombinere familieliv og lærargjerning med eit så rikt og nyfike kunstnarskap? Korleis var dagane og tankane, draumane og vonene?
Arne M. Sølvberg og Øyvind Lyslo arbeidde inn eit repertoar med Vikenslåttar som dei ga ut på plate i 2021. Konserten er bygt på dette repertoaret og bunde saman med tekstar som forfattar Arne Henning Årskaug har laga og framfører.
Regien er ved Kyrre Eikaas Ottesen.
Denne konserten er produsert av Rom for ord og Førdefestivalen under tittelen Folkemusikken og forteljingane, og blei godt motteken då dei hadde premiere under Førdefestivalen i 2022.
Billettpris kr 200,-
Billettpris born under 15 år kr 100,-
Klikk her for å kjøpe billett til konserten!