Laurdag  5 aug. kl 17.30-18.30
Folkemusikken og Forteljingane: Britt Pernille Frøholm og Marianne Clementine Håheim
Festsalen Førdehuset

Bli med i fotspora til gammaldansens og folkemusikkens nestorar, Ivar og Ola Kjelstad frå Hellesylt,  breimingen Anders Reed og Moses Paulen i Jølster.

Desse meisterspelemennene sette sit uviskande merkje etter seg både som musikarar og komponistar. Britt Pernille, som har sine røter i honndalsmusikken, er ein meisterleg formidlar, og sit inne med stor kunnskap om desse musikarane. I denne konserten har ho med seg Marianne Clementine Håheim som les sine biografiske og poetiske forteljingar om personane. I tillegg er framsyninga bygd opp med autentiske foto som vert vist på lerret undervegs i konserten. 

Tekstane til Marianne gjer spelemennene levande for lyttarane – med sine liv, draumar og kvardagar, – slik dei hadde det, eller kan ha att det.  Ho søkjer seg fram med ein prøvande, spørjande tone  – korleis var det å gå gjennom livet med ei så sterk skapande åre?

Regi: Idun Losnegård, Teateret Vestland.

Denne konserten er produsert av Rom for ord og Førdefestivalen under tittelen Folkemusikken og forteljingane, med premiere i 2021.

Billettpris kr 200,-
Billettpris born under 15 år kr 100,-
 

Klikk her for å  kjøpe billett til konserten!