Å vera frivillig inneber at du blir del av eit stort frivillig-fellesskap! Det trengst fleire hundre hender i arbeid for å få festivalen i hamn! Kan DU tenkje deg å bidra?
 
Å vera frivillig er naturleg nok ikkje eit løna arbeid, men ei godtgjersle får du:
- Du får T-skjorte, inngangsbillett den dagen du har vakt og deltaking på frivilligfest/dugnadsball etter Landsfestivalen
- Har du vakt i 12 timar eller meir, får du gjennomgangsbillett til heile Landsfestivalen.
 
Vaktene på Landsfestivalen er på minimum 4 timar, men kan vera lenger alt etter kva oppgåver som skal utførast.
 
Fyll inn skjema under for å melda deg som frivillig. Her kan du melda deg som frivillig og ønskja deg oppgåver og dagar der du kan ta på deg vakter. Merk at du må fylla inn alle felta som er merka med * for å få senda inn skjemaet. Når du har registrert deg som frivillig, får du ein e-post med stadfesting til den adressa du har registert. Dersom du ikkje får ein slik e-post så ta kontakt med oss på kinsarvik2019@landsfestivalen.no
 
Meld deg til dugnadsinnsats i skjemaet nedanfor!