Furestiftinga er oppretta etter ynskje frå forretningsmannen Knut Fure og kona Elisabeth, og avkastninga frå fondet skal gå til støtte for klassisk musikk og norsk tradisjonsmusikk.

FolkOrg har i fleire år no fått lov til å dele ut Furestipend på 10 000 kroner til ein junior som utmerkar seg særskilt i ei av soloklassene på Landsfestivalen i gammaldansmusikk. Sidan det i år er slege saman til ei felles soloklasse, nemleg Super-junior, vert det vinnaren av denne klassa som kan få med seg Furestipendet i tillegg til premie frå lokal arrangør. 

Stipendet er gjeve av Furestiftelsen