Det er liten tvil om at nivået på gammaldansgruppene i Noreg er høgt, og det er det fleire som legg merke til. Førdefestivalen har i fleire år invitert vinnaren av gruppespel under Landsfestivalen i gammaldansmusikk til å spele til dans under festivalen sin. Lendmenn, som vann gruppespelet i fjor, spelar til dans både fredag og laurdag under Førdefestivalen i år. Førdefestivalen vil og tilby årets vinnarar av gruppespel oppdrag på Førdefestivalen 2020!

Gruppespelvinnaren får og tilbod om å spele showcase under Folkelarm 2019. Både nasjonale og internasjonale delagatar har tidlegare år ytra si begeistring for samspelet mellom musikken og dansen under Folkelarm, og fleire gammaldansgrupper har spelt under både små og store festivalar rundt om i Europa. Difor ynskjer FolkOrg å gje gruppespelvinnaren tilbod om å spele under bransjetreffet Folkelarm 14.-17. november 2019.

Her kan du lese om dei andre premiane på Landsfestivalen

Lendmenn_Foto_IngvilSkeieLjones
Vinnar av gruppespel på Landsfestivalen i 2017 og 2018 - Lendmenn

Foto: Ingvil Skeie Ljones