Det er liten tvil om at nivået på gammaldansgruppene i Noreg er høgt, og det er det fleire som legg merke til. Førdefestivalen har i fleire år invitert vinnaren av gruppespel under Landsfestivalen i gammaldansmusikk til å spele til dans under festivalen sin. Lendmenn, som vann gruppespelet i fjor, spelar i år til dans både fredag og laurdag under Førdefestivalen. Sjefen for Førdefestivalen, Hilde Bjørkum, seier at festivalen også i år ynskjer å gje gruppespelvinnarane på Landsfestivalen tilbod om å spele til dans under neste års festival.

Gruppespelvinnaren får og tilbod om å spele showcase under Folkelarm 2018. Både nasjonale og internasjonale delagatar har tidlegare år ytra si begeistring for samspelet mellom musikken og dansen under Folkelarm, og fleire gammaldansgrupper har spelt under både små og store festivalar rundt om i Europa. Difor ynskjer Folkelarm å gje gruppespelvinnaren tilbod om å spele under bransjetreffet 8.-11. november 2018.

I tillegg får gruppespelvinnaren tilbod om å spele under Meisterkonserten i Operaen 11. november 2018.

Lendmenn - 02 - LF17, finale gruppespel - Foto Runhild Heggem.jpg
Vinnar av gruppespel på Landsfestivalen i 2017 - Lendmenn

Foto: Runhild Heggem