Vi har godt utvalg av mat og drikke i matteltet vårt. Teltet finn du rett ved Førdehuset, ca 30 sekund å gå frå hovudinngangen. 
Vi er så heldige å ha det lokale kjøkkenet Ferske Smakar med oss på laget. Dei lagar ekte norsk husmannskost og gode grillrettar, med gode råvarer frå Gilde.

I matteltet finn du også kioskvarer frå vår hovudsponsor, Coop Extra. 

I tillegg til god mat og drikke er det sjølvsagt både scene og dansegolv innerst i matteltet, så her blir det mykje moro!

MENY I MATTELTET

Kvar dag: 
Lapskaus
Laks med grønsaker og saus
BBQ-marinert svinenakke
Grillmeny med hamburgar, pølse i brød og bakt potet.

Dagens middag:

OnsdagKjøtkaker, grønsaker, kålstuing, potet, brun saus og tytebær

TorsdagRaspeball, salt kjøt, grov pølse, kålrotstappe og baconsmør

FredagKjøtkaker, grønsaker, kålstuing, potet, brun saus og tytebær

Laurdag: Rømmegraut


Opningstider i matteltet

  • Onsdag 15:00 – 01:00
  • Torsdag 12:00 – 02:00
  • Fredag 12:00 – 02:30
  • Laurdag 12:00 – 02:30
  • Søndag 12:00 – 16:00