Festivalcamping

Bestill overnatting på Landsfestivalen i Skjåk

Det blir glade festivaldagar i Bismo, kommunesenteret i Skjåk. Hovudarenaen vår blir Skjåkhallen, og her vil tevlingane gå føre seg. På grasbana like ved hallen vil du finne matteltet. Der blir det nok mat og drikke  -  og ikkje minst, kjøtkaker på  gaffel! Festivalcampingen er på Mogardsjordet og nytt av året er lavoligging i tillegg til klasserom! No kan du tinge deg overnatting på festivalcampingen eller på klasserom dersom du ønskjer det!

Illustrasjonsbilde fra Skjåk

Overnattingsalternativ i Skjåk

Her kan de sjå ulike overnattingstilbod i Skjåk, vi har diverre ikkje oversikt over kvar det er ledige senger for Landsfestivalgjestar.