Det fyrste du må gjere er å registrere deg som deltakar på stemnekontoret. Det finn du når du går inn hovudinngangen på Førdehuset og inn til høgre, rett ved biblioteket.

For å få utdelt øvingsrom går ein rundt på baksida til Førdehuset. Til høgre for hovudinngangen går det ein veg til baksida av huset. Vegen er skilta med "Deltakarinngong". Følg den så kjem du til rett plass.

Vi ber om at deltakarane møter i god tid, ein dryg time før ein skal opptre er passeleg. Deltakarane har tilgang til øvingsrom ein time før dei skal tevle.

Reed Foto er også i år på plass på Landsfestivalen. Frå torsdag kjem dei til å ta bilete av alle deltakarar, både deltakarar i solist-klasser og gruppe/lag-klasser. Etter ein har tevla går ein ut inngangen rett bak scena i Idrettshallen. Det er kjempefint om alle stikk innom for fotografering sidan det er fint for FolkOrg og lokal arrangør å ha desse bileta. 

 

Informasjon til finalistar
- Melodiar brukt i kvalifiseringa kan også nyttast i finalen
- Finalistar i soloklassar (durspel, andre instrument, fele/hardingfele, Super-junior) spelar fire slåttar til dans i finala.
- MERK! NYTT I ÅR: Finalistar i grupper, lag og samspel sr spelar fem slåttar til dans i finale, der den første slåtten er lydprøve.
 

Lurar du på noko eller treng bistand? 
Sigmund, tevlingsleiar tlf 95 22 73 11
Ine, tevlingskomitéen tlf 97 56 69 85
Dagunn, tevlingskomitéen tlf 45 40 33 76
Ingrid, tevlingskomitéen tlf 48 00 20 02