NB! Gruppespel laurdag er skyvd litt fram i tid, slutt er anteke kl 14.30 i staden for 15.30. 
 

Tevlingsarenaer
Tevlingane skal vere i Vestneshallen (Skulevegen 4).
Øvingsromma og sekretariatet er på Helland skule ved Vestneshallen.

Øvingsrom
Alle får tilgang til øvingsrom i inntil 60 minutt før dei skal vidare mot scena. Deltakarane vert sendt frå øvingsrommet 15 minutt før dei skal på scena. 

Vi ber om at deltakarane møter opp i god tid, då det kan skje at tevlinga går noko fortare unna enn planlagt. Øvingsromma opnar 60 minutt før fyrste klasse startar. Tevlingslokalet opnar ein time før tevlingsstart. 

Registrering av slåttar/dansar
Har du alt bestemt deg for kva du skal spele? Send oss gjerne namn på slåttane som du/de skal nytte i konkurransen. Då kan vi ferdigstille informasjonen til konferansierar og dommarar på førehand. 

Send til anna@vitimusea.no

Reed fotograferar også i år
Det vert lagt til rette for gruppefotografering for alle deltakarar i lagspel fele/hardingfele, lagspel durspel/trekkspel, gruppespel og lagdans. Fotograferinga skjer utanfor hallen og dei som ynskjer fotografering må gjere dette umiddelbart etter deltaking. Det er Reed Foto ved Per Svein Reed som står for fotograferinga og laga/gruppene kan kjøpe bilete direkte av Reed.

Andre som ønskjer å få tatt bilete av seg kan og møte opp eller ta kontakt med Reed. 

Ta kontakt om du lurar på noko eller treng bistand! 

Tevlingsleiar:
Anna Gjendem 
Tlf:  47 40 93 02 
Epost: anna@landsfstivalen.no