Tid og stad: 
Vestnes fjordhotell
Fredag 7. juni kl 20.00 
Gratis inngang og ope for alle! 

Møtet er åpent for alle som har meldt seg som frivillige, alle som har tenkt å melde seg som frivillige og alle andre som lurar på kva Landsfestivalen i gammaldansmusikk eigentleg er! 

Vi vil fortelje litt på kva som skal foregå under festivalen i veke 31, og litt om kva Vestnes kan forvente seg med alle dei tilreisande. 

Vi skal også trekke fleire premiar blant dei som har meldt seg som frivillige. Dei heldige får billettar til konserten med Bjørn Tomren den 2. august i Vestneshallen! 

Etter informasjonsdelen vert det levande musikk! Vi inviterar til svingom og ei triveleg stund som ein forsmak på Landsfestivalen i gammaldansmusikk! 

Har du ikkje meldt deg som frivillig enda kan du gjere det her
 

Arbeider du i pressa kan du søkje om presseakkreditering til Landsfestivalen her
(du treng ikkje registrere deg for å komme på “avspark” 7. juni)