Om tre månader er det duka for Landsfestival i Kinsarvik. Me ynskjer å ha ei lokal kulturprofil og visa det som er, men også det som har vore innan gammaldanstradisjonen i Hardanger. Det er mykje som spirer og gror i folkemusikktradisjonen i Hardanger. Me har som mål å gje kulturopplevingar for festivalpublikum og lokalbefolkinga, men også dei som er i Kinsarvik på ferie og som kan få augo opp for gamaldansmusikken, sånn litt tilfeldig.

Kvedarkonsert
Konsertprogrammet startar allereie onsdagen med «Dei syngjande». Dette vert ein vakker og stemningsfull kvedarkonsert i Kinsarvik kyrkje med nokre av dei beste kvedarane frå Hardanger og Voss.

Storslagen opningskonsert
På torsdagen kan publikum gleda seg til opningskonserten «Blomen», som Lajla Renate Buer Storli og John Ole Morken er regissørar for. Her får folk med seg den varierande gamaldanstradisjonen i Hardanger, samt noko nyskapande. Publikum får møta spelemannslag, soloutøvarar, orkester, og gjensyn med artistar som ikkje er så ofte å sjå lengre. Det vert også eit møte med leikarringen på Lofthus. Konserten blir sydd saman med forteljing, musikk og bilete.

Knut Hamre, Lajla Renate Buer Storli, John Ole Morken. Foto Eirin Tjoflot.jpg

Konsertar på Sørfjorden
Det vert også båtkonsertar på fredagen og laurdagen på M/S Lindenes. Dette vert ei skikkeleg oppleving for publikum. Kombinasjonen med musikk, fjord og
fjell slår ikkje feil! Her vert ein konsert med Felefylgje, ein med Rannveig Djønne og Inger Elisabeth Aarvik, ein med Torbjørn Ljones, betre kjend som Kvitanesen, og ein med Lajla Renate Buer Storli, John Ole Morken og Knut Hamre. Det vert og to plateslepp under festivalen.

Bornas festival
Landsfestivalen er også ein festival for borna. Torsdag, fredag og laurdag under festivaldagane vert det ei danse- og leikeøkt. På aurdagen er det Bornas festival i Mikkelparken! Dette er ei scene for born under 12 år og er ei mønstring for dei som ynskjer å delta, men er for unge til å stilla i juniorklassane. Her er det ope for alle folkemusikalske uttrykk, anten det er å dansa, å syngja eller spela eit instrument. På laurdagen vert det også alkoholfritt arrangement for ungdommar.
18766768_10155373003331726_8813837131395886145_o.jpg

Foto: Knut Utler

Folkemusikkmesse og meisterkonsert
På sundagen er det også program. Sundags morgon er det duka for folkemusikkmessa til Rannveig Djønne i Kinsarvik kyrkje, og etterpå kan du få med deg meisterkonserten.
For mange er dette høgdepunktet. Dette er ein konsert med dei beste utøvarane, i alle klassar, frå tevlingane under festivalen. Denne kan du ikkje gå glipp av! Det er berre til å gleda seg! Her er noko for kvar og ein!