Vi lova ein konsert fullspekka med god gammaldansmusikk og dyktige lokale aktørar. Og ein meisterkonsert vart det sanneleg!

Oppstart til Landsfestivalen vart markert med 140 aktørar på scena, 200 i publikum, og heimelaga kjøtsuppe. Konserten vart og streama slik at mange hundre kunne oppleva konserten heimanfrå. Det var Mari Midtli og Hans Andreas Solbakken som leia oss stødig og livlig gjennom konserten. Takk til alle som deltok og høyrte på – dette vart ein suksess!
 

Sjå konserten kvar dag om du vil!
På YouTube kontoen til FolkOrg kan du sjå heile konserten opp att så mange gonger du ønskjer
 

Meisterkonsert_eit_år_før.png