Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2020 skulle ha vore arrangert på Harpefoss i Fron kommune

Leiar for hovudnmenda i Fron, Øystein Rudi, har følgjande kommentar til at Landsfestivalen i 2020 no vert avlyst:

«Hovudnemnda  for Landsfestivalen i Fron 2020 har sidan utbrotet av Covid 19 vore i tett kontakt med FolkOrg. Vi beklagar sterkt at pandemien gjer det nødvendig å avlyse festivalen. Dette er leitt for publikum og deltakarar, for lokalsamfunnet og for eit stort vertskap har gledd seg til å bidra til gode festivalopplevingar i Fron, men den uavklara situasjonen medfører for stor risiko for dei lokale arrangørlaga. Vi ønskjer deltakarar, publikum og gode medhjelparar det aller beste framover og ønskjer velkome til Landsfestivalen i Fron ved neste høve!»

Her kan du lese heile saka om avlysninga av Landskappleiken 2020 og Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2020