Landsfestivalen i gammaldansmusikk 2021 skulle ha vore arrangert av Vågå trekkspelklubb i Vågå.

Året 2021 skulle bli det store festival- og kappleiksåret. Eit år der vi endeleg kunne samlast i dansen, musikken, og praten, seier Steinar Løkken, leiar av hovudnemda for den neste Landsfestivalen i gammaldansmusikk. «Vi i Hovudnemnda for Landsfestivalen i Vågå har sidan fjoråret hatt tett dialog med FolkOrg, og vi har no teke avgjersla om å ikkje arrangere Landsfestivalen i år grunna Covid-19. Vi såg lenge med optimisme fram mot sommaren 2021, men slik situasjonen ser ut no er det ein viss risiko for at ein eventuell festival og kappleik må arrangerast med restriksjonar. Vi veit at både dansarar, publikum og ikkje minst musikarar er sveltefora på å danse saman, konkurrere, og spele til dans. Vi håper og trur likevel at det er forståing for avgjersla, for skal det vera Landsfestival i Vågå så skal det vera skikkeleg!», seier Steinar Løkken. Heile Vågå trekkspelklubb er samde i at den neste Landsfestivalen i gammaldansmusikk skal verta skikkeleg, og dei ønskjer oss difor alle velkomne til Vågå i 2022, då dei endeleg kan seie «takk for sist!»

Vågå trekkspelklubb inviterar til Vågåtreff i November! 

Innan kort tid kjem det informasjon om kven som skal arrangere Landsfestivalen i gammaldansmusikk etter 2022.

Her kan du lese heile saka om avlysning av sommarens arrangement

LF_2018.jpgLandsfestivalen i Skjåk i 2018