Endeleg er vi i gang med 2019, og det er Kinsarvik sin tur til å arrangere Landsfestivalen i gammaldansmusikk. Sjefen for årets festival er Magne Velure, ein harding busett på Lillehammer, og fast pianokompar i gruppa ”Polka med støyt”. Eit halvt år før det brakar laus, gjev Magne ein statusrapport på festivalarbeidet så langt.  

Første gong i Hardanger, og første gong i Hordaland. Korleis ligg de an i planlegginga av årets Landsfestival i gammaldansmusikk?
Me ligg der me hadde tenkt å ligge. Eg kan trekkje fram at programmet for kulturdelen er i hamn. Lajla Renate Buer Storli og John Ole Morken har ansvaret for opningskonserten, og den er i full produksjon. Konserten vert ein historisk presentasjon av kva som rører seg i Hardanger av valsaspel, med mange lokale utøvarar. Kulturprogrammet vårt vert nok større enn det programmet har vore på tidlegare festivalen, og me har nokre fine overraskingar på lur som vert offentleggjorde ut over våren.

For augneblinken jobbar me med å hanke inn pengar og sponsorar til festivalen. Så er det ein del punkt som må avklarast på dei ulike områda, slik som å søkje løyve, gjere avtalar og sjekke ut lokale leverandørar av mat og drikke. Me satsar på å ha mest mogeleg lokal mat og drikke, sidan det er mykje å ta av her i området. Me kjem i alle fall til å servere hakkasteik og sider, og så får menydetaljane koma seinare.

Elles er tevlingsplanen på plass så langt det er mogeleg før me har oversyn over påmeldingane. Me vil disponere godt med øvingslokale i skulen som ligg tett attmed Fjordahallen.

Kva var det som gjorde at de ønskte å få festivalen til Hardanger i 2019?  
Det er ein kombinasjon av at me har tenkt tanken ei stund, og at det er godt driv i laget for tida. Hardanger Spelemannslag var 70 år i fjor, og vi utnytta driven i laget med å ta på oss dette. Den nye Fjordahallen i Kinsarvik og god infrastruktur med kort avstand mellom alt, gjorde det mogeleg å endeleg få Landsfestivalen til Hardanger.

Overnattingstilboda pleier å fylle seg raskt opp når det vert kjent kvar festivalen skal vere.  Er ein for seint ute no dersom ein skal bestille seg overnatting til Landsfestivalen? 
Det er fullt på begge campingplassane og hotellet. Me jobbar med å auke overnattingskapasiteten, blant anna med å få til tilleggskapasitet på campingplassane. Dette inkluderer også båtplass på hamna. Det er jo litt sjøulkar som også likar runddans, så dei kan bu der. Så jobbar me sjølvsagt med å få større privat overnatting, og vil kunngjere dette så snart det er klart.

Det er naudsynt med mange frivillige for å avvikla festivalen på ein god måte. Er det mange som har meldt seg til dugnadsinnsats så langt?
Me har hatt informasjonsmøte om festivalen i Bergen og Granvin. I Kinsarvik møtte vi lag i nærleiken som vi skal samarbeide med, og har informert dei om arbeidet så langt. Me får positive tilbakemeldingar frå dei vi snakkar med, men vi treng stadig at folk melder seg til teneste. Dette kan ein gjere via registreringsskjemaet på nettsida.  

Kva vil dei som kjem på festivalen i Kinsarvik møte, og kva håpar du at dei reiser tilbake med?
Dei skal reise til Hardanger nyfikne på korleis Landsfestivalen i gammaldansmusikk er i Hardanger. Eg håpar at folk tenkjer at når festivalen først kjem til Hardanger, så må eg få med meg dette! Her ønskjer eg at dei skal møte alle danse- og musikkutrykka som er i Hardanger, og at det kjem deltakarar frå fjern og nær. Eg har sendt ut eit invitasjonsbrev til laga i FolkOrg med oppmoding om å delta, og eg håpar folk får møte mangfaldet som er innanfor runddansmusikken på festivalen i Kinsarvik.   

Eg har også eit veldig forsiktig ønskje om at me får det vêret vi treng for å få dette til å bli best mogeleg. Festivalfolket fortener det, og Hardanger fortener det.

 

Magne Velure og Randi Rust.jpg
Her overtek Magne stafettpinnen frå festivalsjefen i Skjåk 2018, Randi Rust. 
Foto: Thomas Westling