Kjem du langvegsfrå, til dømes frå Trøndelag eller Gudbrandsdalen, er det fleire ruteval som fører til Kinsarvik.

Vel du vegen gjennom Jotunheimen, kan du køyra over Valdresflye. Fjellovergangen er ein del av Nasjonale Turistvegar og er ein attraksjon i seg sjølv! 

Ved foten av Jotunheimen ligg Beitostølen. Her finn du fleire alternativ for overnatting, og ei rekkje aktivitetsmoglegheiter.

Vidare på reisevegen, midt mellom Hallingdal og Valdres, finn du Storefjell på Golsfjellet. Her kan du bu på hotell og gå på fisketur i høgfjellet. 

Når du kjem til Ål i Hallingdal kan du ta ein stopp i Hallingdal Feriepark, ein 5-stjerners feriepark særs tilrettelagt for bubilturisme.

Når nedstiginga frå Hardangervidda startar, byrjar du å nærme deg Kinsarvik. Her kan du stansa og sjå på ein av Noregs mest kjende fossar: Vøringsfossen.

Vøringsfossen med logo.jpg

 

Vel du vegen gjennom Sogn, får du køyra gjennom verdas lengste vegtunnel, Lærdalstunnellen.

Du køyrer her langs Aurlandsfjorden; inst i den ligg Flåm, ein ynda turistattraksjon. Flåmsbana er av Lonely Planet kåra til verdas beste togreise og endar i nettopp Flåm.

 

Dersom du kjem frå Aust- eller Sørlandet, kan du velja vegen over Haukelifjell.

I Rjukan kan du få eit møte med norsk industri- og krigshistorie på Vemork Museum, eller du kan ta Gaustadbanen, ein spektakulær fløybane som tek deg til Gaustatoppen på 15 min!

På Hovden kan du mellom anna nyta ein dag i Hovden Badeland & Spa

Haukeliseter fjellstove ligg langs vegen over Haukeli, midt på fjellet mellom aust og vest. Fjellstova vann kåringa Årets veimat i 2017, og her kan du nyta lokal mat kombinert med fantastisk utsikt! 

 

Vel du togtransport, er stoppestaden Voss! Kinsarvik ligg då ein liten busstur unna.

Om sommaren er det òg mogleg å kome seg til Kinsarvik via sjøvegen. Ta fly eller tog til Bergen, deretter buss til Norheimsund. Der kan du setje deg på båten og nyte fjordane frå sjøperspektiv.

Hurtigbåt med logo.jpg