Det er mykje å finna på i Kinsarvik, og me har mange fine stader du kan besøka! Kva med å utvide ferien til nokre dagar før eller etter festivalen?  

Varierte turmoglegheiter
I Kinsarvik ligg Husedalen, der fire flotte fossar ligg tett etter kvarandre på turen frå sentrum og opp til Hardangervidda. 
H. M. Dronning Sonja har sin eigen sti som startar i Kinsarvik. Her har du utsikt over fjord og fjell, og kan sjå heilt til Folgefonna. Les meir om turen her.
For dei meir vidarekomne ligg startpunktet på turen til den no verdskjende Trolltunga ein halvtimes køyretur frå Kinsarvik!

Mikkelparken og Mikkelparken ferietun
I Mikkelparken kan du møta Mikkel og Mikkeline, bada i oppvarma basseng, ta turen med Mikkeltoget og mykje anna moro! Mikkelparken ferietun ligg rett ved parken og har både hytter og leilegheiter til leige. Dei har òg eit stort campingområde og utandørs basseng.

Kinsarvik Camping
Kinsarvik Camping er sjølve festivalcampen og ligg rett ved festivalområdet der landsfestivalen skal arrangerast. Campingen tilbyr overnatting i hytter av ulik storleik, og eit ekstra stort campingområde i samband med festivalen.

Gokart i Kinsarvik
Gokartbanen i Kinsarvik er open i sommarhalvåret, sjå meir på deira nettsider her eller sjekk dei ut på Facebook!

Gjestehamn for båtar
I Kinsarvik sentrum finn du gjestehamn for båtar, badelagune og sandvolleyballbane

Butikkar og servering
I Kinsarvik kan du handla i det fantastiske fabrikkutsalet til Hardanger Bestikk, eta lunsj på Gløyp der gode og lokale råvarer står i fokus, og kjøpa lokalmat og alt anna du treng på Spar Kinsarvik.

Frukt og bær
Kinsarvik ligg midt i ein av dei største fruktkommunane i landet. Langs vegen til Kinsarvik kan du kjøpa frukt, bær og produkt direkte frå bonden i eit av mange sjølvbetente fruktutsal.

Hardangerfjord Active
Dersom du har lyst å ta ein tur på fjorden, kan du leiga kajakk med guide og sjå naturen frå eit anna perspektiv! Sjekk det ut her

Annonse Folkemusikk1[1].jpg