For oss er det viktig at festivalen kan visa eit mangfald av musikk- og danseuttrykk. Me veit at mangfaldet finst der ute, men det er ikkje alltid at festivalen har avspegla dei mange ulike uttrykka som finst i gammaldansmusikken. Me vil gjerne at utøvarar frå heile landet kan dela musikken og dansen sin med alle oss andre. Difor sender me denne invitasjonen der me oppmodar utøvarar frå dykkar distrikt til å koma til Kinsarvik desse augustdagane. Me ynskjer alle velkomne, anten dei vil vera med i tevlingane, som publikum eller også som frivillige. Sprei dette ynsket vårt om å få eit stort mangfald av musikk- og danseuttrykk til Landsfestivalen 2019. Ta det opp i laga dykkar slik at medlemene kan bu seg på å koma til Kinsarvik 7.-11. august.

Då møtest me i Kinsarvik 7.-11. august 2019!

Velkomen!

Venleg helsing
Magne Velure 
leiar i hovudnemnda

09-1 Fron Trekkspillklubb foto Audun Stokke Hole.jpg
Her er Fron Trekkspelklubb frå Landsfestivalen i Skjåk 2018. Foto: Thomas Westling.