Nikolai Astrup og folkemusikken
Konsert og omvising i Astruptunet torsdag 3. aug kl 13.00-14.00
Bussavgang frå Førdehuset kl 12.00
Retur frå Astruptunet til Førdehuset kl 14.15 (framme ca kl 15.00)
Bli med til Astruptunet, ein av Norges mest autentiske kunstnarheimar! Her kan du bli kjend med livet og kunsten til Nikolai Astrup, som òg var svært glad i musikk og dans! Vi får omvising i tunet og konsert med Gro Marie Svidal og Sigmund Eikås.
Kunstmålaren Nikolai Astrup (1880-1928) er kjend og kjær blant mange nordmenn. No har både kunstnaren og verka hans fått ny og auka nasjonal og internasjonal interesse gjennom kritikarroste utstillingar i Oslo, Bergen, Stockholm, USA og Tyskland. Astrup var òg ein ihuga hagebruksmann og eksperimenterte med mange slags plantar på det brattlendte småbruket med den fabelaktige utsikta over Jølstravatnet. No føregår det eit storstila restaureringsprosjekt både av hus og hage i Astruptunet. Heile anlegget blir sett i stand att slik det var på Astrup si tid, og du kan faktisk oppleve å bokstaveleg tala stå midt i eit Astrup-motiv, då mange av motiva til Astrup sin kunst er nettopp frå Astruptunet.
Nikolai Astrup var òg svært oppteken av den gamle musikken og dansen, så når det var gjestebod i kunstnarheimen på Sandalsstrand ved Jølstravatnet, var òg dei beste spelemenn i bygda på plass for å underhalde og gje liv til dansen.
Sigmund Eikås og Gro Marie Svidal gir eit innblikk i spelet og tonane som kunstnaren var så glad i. Gro Marie Svidal er blant dei aller fremste hardingfelemusikarane i Norge og vann Landskappleiken i 2014. Sigmund Eikås er i ein alder av 76 år framleis rekna for å vere blant dei fremste dansespelemenn i Norge og har lagt ned eit enormt arbeid for å løfte opp i dagen att den rike folkemusikkarven frå Sunnfjord.
Avreise frå Førde kl 12.00 med retur frå Astruptunet kl 14.15
Billettpris inkl buss kr 300,-
Billettpris born under 15 år kr 150,-
Her er det avgrensa kapasitet – så ver tidleg ute om du vil få med deg dette!
Foto: Arkadia Landskap
UTSOLGT